Nytt eller endring av anlegg?

Dersom nokon skal ha strøm til eit nytt elektrisk anlegg eller må endre på sitt eksisterande anlegg som påverker Skjåk Energi sitt nett, må det sendast inn søknad. Endringar kan f. eks. vere auke av overbelastningsvern eller endring frå luftline til kabelanlegg. Vi er avhengige av å få inn slike endringar frå kundane våre så tidleg som mogleg, slik at vi kan planlegge anlegget på best mogleg måte. Alle  nye og endringar av anlegg som påverker Skjåk Energi sitt nett vil bli belasta kunden eller utbyggjar, dette reknast ut etter gjeldane reglar og forskrifter. Les om anleggsbidrag her.

 

SØKNADSSKJEMA FOR NYTT ANLEGG

SØKNADSSKJEMA FOR ENDRING AV EKSISTERANDE ANLEGG

 

Nedanfor ligg søknadsskjemaet i PDF-format for dei som ønskjer å fylle ut skjemaet manuelt. Søknaden skal sendast inn til e-postadresse post@skennett.no eller som brev til Skjåk Energi Nett, Moavegen 28A, 2690 Skjåk.