Byggjestrøm

 

TARIFF 2018

 

 

Avgift til energifondet (Enova) 1,25 øre/kWh og forbruksavgift 20,73 øre/kWh er inkludert i energiprisen.

Alle prisane er oppgjeve inkl. 25% meirverdiavgift.

 

 

 

* Lovbestemt påslag til Enovas energifond er innrekna i fastbeløpet, avgifta utgjer 800 kr/år.

For næringskundar er alle prisane oppgjeve ekskl. meirverdiavgift.

 

BESTILLING

Det løner seg å bestille i god tid. Det kan påreknas ei veke med leveringstid. Bestill byggjestrøm her! Eller laste ned bestillingsskjema i PDF her; Skjema for bestilling av byggjestrøm. Når Skjåk Energi Nett har motteke bestilling på byggjestrøm, tek vi kontakt for å avtale tidpunkt for montering. Byggjestrøm er meint som ei provisorisk løysing for uttak av strøm i ei byggjeperiode. Normal leigeperiode er ikkje lenger enn 1 år, men det kan bli vurdert og utvide perioden dersom leigetakar ønskjer det. 

KRAFTLEVERANDØR

I tillegg til nettleige må du også velje ein kraftleverandør som leverar kraft til deg. Ei oversikt over tilgjengelege kraftleverandørar i vårt nettområde finn du her.  Ta direkte kontakt med kraftleverandøren og hugs å ha fylgjande opplysningar tilgjendeleg når du skal bestille kraftleveringsavtale:

- Målepunkt ID (dette står på faktura)

- Fødselsnummer eller organisasjonsnummer

- Namn eller firmanamn

LEVERINGSPLIKT

Etter energilova pliktar nettselskap å levere strøm til kundar som står utan gyldig kraftleveringskontrakt. Dette er ei «midlertidig strømavtale» som vert kalla pliktleveranse og gjeld fram til kunden teiknar seg ei avtale med ein kraftleverandør.

  • Skjåk Energi Nett sin pris på leveringsplikt er elspotpris for vårt område med eit påslag på 6,25 øre/kWh inkl. mva. for dei fyrste seks vekene.
  • Etter seks veker vert det lagt på 14,75 øre/kWh inkl. mva på elspotprisen.
  • Elsertifikat kjem i tillegg.
  • I tillegg til oppgjeven pris på kraft levert på ventetariff kjem det nettleige.

Kraft levert gjennom pliktleveranse er normalt dyrare enn vanleg kraftlevering og er ikkje meint som ei permanent løysing. Les meir om leveringsplikt her.

OPPSEIING

Hugs at byggjestrømkassa skal seiast opp. Dette gjer du ved å kontakte Skjåk Energi Nett på tlf. 612 13 810 eller e-post post@skennett.no. Leigeforholdet kan bli avslutta av begge partar med fem verkedagars varsel. Når eit anlegg får fast tilknyting vert byggestrømmen avslutta automatisk, om ikkje anna er avtala. 

FAKTURERING

Byggjestrøm vert fakturert kvartalsvis på etterskot til leigeforholdet vert avslutta. Kostnad for til- og fråkopling samt eit eventuelt depositum vert fakturert på fyrste faktura. Les meir om faktura og betaling her.

GENERELT

Byggjestrømskassa vert kopla til i næraste stolpe/line/kabelnett til bygge-/anleggsplass. Dersom kunden ønskjer byggjestrømkassa nærare enn everket sin forsyning, kan everket leggje ut provisorisk strømforsyning heilt fram til bygge-/anleggsplass. Dette vert fakturert kunden i sin heilheit. Spesielle ønskjer må avtalast. Leigetakar pliktar å behandle byggjestrømkassa og tilhøyrande utstyr på ein slik måte, at det ved fråkopling er i tilsvarande stand som ved tilkopling. Leigetakar er i heile leigeperioda ansvarleg for byggjestrømkassa sitt tilhøyrande utstyr. Alle skader som blir påført det utleigde materiellet frå Skjåk Energi Nett, vil i sin heilheit bli fakturert leigetakar.

REGLAR

  • Skader og manglar på byggjestrømkassa eller tjuveri av kasse, må umiddelbart meldes til Skjåk Energi Nett.
  • Leigetakar/bestillar er ansvarleg for at byggjestrømkassa til einkvar tid er låst eller tilstrekkeleg sikra når det står utan tilsyn.
  • Leigetakar må på ingen måte utføre endringar på installasjonar i byggjestrømkassa. Deksel eller kapslingar må ikkje under nokon anstendigheit fjernast av andre enn personell frå Skjåk Energi Nett.
  • Flytting av kassa skal berre gjerast av personell frå Skjåk Energi Nett.
  • Reparasjonar eller ombygging av utleigd utstyr skal berre bli utført av personell frå Skjåk Energi Nett.
  • Jordspyd og tilførslekabel må ikkje flyttast/endrast utan at dette er avklart med Skjåk Energi Nett.
  • Strømutkopling av nettet på grunn av driftsmessige orsakar kan skje utan varsel. Skjåk Energi Nett er ikkje ansvarlege for indirekte skadar eller tap som blir påført leigetakar/bestillar med mindre skada skuldast ei forsetteleg handling av Skjåk Energi Nett.
  • Byggjestrømkassa skal stå oppreist på stødig underlag.
  • Utstyr kan ikkje overlatast til andre utan avtale med Skjåk Energi Nett.