Anleggsbidrag

Det vil ofte vere nødvendig å byggje ut eller forsterke strømnettet. Både når nye kundar skal knyte seg til strømnettet, og når eksisterande kundar ynskjer endringar som auka effekt eller endring av inntakspunkt. Kostnadane ved slike tiltak må dekkast av kundane i form av eit anleggsbidrag. Formålet med anleggsbidrag er å synleggjere kostnadane ved ei ny tilknyting eller forsterking, samt å fordele desse mellom kunden som utløyser investeringa og resten av nettselskapet sine kundar.

 På NVE sine nettsider kan du finne meir informasjon om anleggsbidrag.

 

Kunden må betale alle nødvendige kostnadar ved tilknytinga eller forsterkninga. Dette omfattar timekostnadar, materialkostnadar og eventuelt innkjøp av eksterne tenester. Anleggsbidraget består av både kundespesifikke kostandar og ein del av kostnadane i anleggsdelen som fleire kan ha nytte av. Dersom kunden sjølv ikkje syrgjer for graving av godkjent grøft, vil også kostandane ved graving av grøft inngå i anleggsbidraget.

Anleggsbidraget bereknast ut frå Skjåk Energi Nett sin standard for bygging av nett. Dersom kunden ynskjer fordyrande løysingar utover Skjåk Energi Nett sin standard, må kunden dekke alle meirkostnadane med dette.

Anleggsbidraget omfattar dei anleggsdelane som Skjåk Energi Nett normalt byggjar fram til grensesnittet mellom Skjåk Energi Nett og kunden, som hovudregel ved husvegg. Ved bestilling av tilknyting eller forsterkning gjev Skjåk Energi Nett eit skriftleg prisestimat på forventa anleggsbidrag.

Skjåk Energi Nett sin praksis for berekning av anleggsbidrag er utarbeidd på grunnlag av NVE sin forskrift av 11. mars 1999 nr. 302 «Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og tariffer» der §17-5 omhandlar anleggsbidrag, samt dei generelle tilknytingsvilkåra for henhaldsvis privatkundar og næringskundar.

 

Tilknytingsvilkår for privatkundar

Tilknytingsvilkår for næringskundar