Tenester og utstyr

TREFELLING

Skjåk Energi Nett bistår grunneigarar med trefelling dersom det er fare for skade på vårt strømnett. Ta kontakt ved felling av tre nærare enn 30 meter frå våre høgspentliner eller lågspentliner.

Er du uheldig og feller tre på ei av våre liner skal du ikkje prøve å fjerne det sjølv, men raskt ta kontakt på 612 13 810. Trefelling langs høgspentliner kan vere livsfarleg. Skader på line kan medføre erstatningsansvar.

Tre som vert felt av hensyn til personsikkerheit og leverings-sikkerheit vert kosta av Skjåk Energi Nett. Tre som vert felt etter ønskje frå grunneigar, vert fakturert etter gjeldane pris.

KABELPÅVISNING

Kabelpåvising før graving er viktig for å unngå skader og strømbrot. Påvising av Skjåk Energi Nett sine strømkablar er gratis dersom vi får melding om dette 5 dagar før gravinga skal skje. Ta kontakt på tlf.: 612 13 810 eller post@skennett.no. Spør fyrst, grav etterpå! Skader på kablar kan medføre erstatningsansvar.

For påvising av andre sine kablar (interne kablar) vert kunden fakturert etter gjeldane pris.

Fullstendig prisoversikt finn du her!