Kundemagasinet Vår Energi

09.11.2017
Dei lokale energiselskapa er viktige drivkrefter i lokalsamfunnet. Lokale arbeidsplassar, nærleik og fibernett er nokre av mange fordelar ved å ha eit lokalt energiselskap. Les meir i denne utgåva av Vår Energi, som du vil finne i postkassen måndag – onsdag i veke 46.

 

Snart kjem smarthusteknologien for fullt. Den vil gjere det mogleg å styre alt elektrisk i huset via mobil eller nettbrett: stereoanlegg, varmeomnar, kaffitraktarar, vaskemaskinar og anna. Enkel teknologi og ei open plattform. Smarthusteknologi gjer det mogleg å tilpasse straumforbruket og redusere totalforbruket.

Du kan også lese at Noreg har mange små og mellomstore energiselskap med lokal forankring, og at det gir ei rekkje fordelar. Blant anna kan ein enkelt komme med tilbakemeldingar. Energiselskap skaper arbeidsplassar i andre bedrifter lokalt og regionalt. Og dei sponsar lokal idrett og kultur som gjer det attraktivt å bli buande.

Ta deg også tid til å lese Vår Energis gode råd: Det går mot haust og meir bruk av elektrisk straum, og det aukar faren for brann med elektrisk årsak. Kanskje er det heller ikkje for seint å etterisolere?

Som vanleg utfordrar vi deg både med premiekryssord og premiekonkurranse. Premien er ein dab-radio.

 

Les Vår Energi her.