Melding til våre nettkundar

25.10.2017
Vi i Skjåk Energi KF er vorte gjort kjent med at ein kraftleverandør fortel nettkundane våre i telefonsamtaler at dei har samarbeidsavtale med oss.

 

Dette er ikkje rett.

Alle kraftleverandørar får same vilkår og service hos oss. Å fortelle eller påstå at dei har nokor form for særavtale om samarbeid med oss er det same som å påstå at vi gjer oss skuldige i lovbrot. Skjåk Energi KF er pålagt ved lov å behandle alle kraftleverandørar nøytralt og likt.

 Som eit resultat av nye forskrifter kan kraftleverandørar nå krevje å gjennomfakturere nettleiga. Det betyr at du som kunde får ein faktura frå kraftleverandøren for både straum og nettleige. Gjennomfakturering av nettleiga er noko alle kraftleverandørar som oppfyller visse vilkår kan krevje. Gjennomfakturering er inga særskilt avtale om samarbeid. Alle kraftleverandørar kan få gjennomfakturering.

 Vi tek derfor avstand frå det dersom ein kraftleverandør brukar vårt gode namn og rykte til å narre straumkundar til å tro at dei får nokor form for positiv særbehandling hos oss ved å kjøpe straum hos dei.