Oppseiing av nettleigeavtale

Skjema nedanfor skal nyttast for oppseiing av nettleigeavtale med Skjåk Energi Nett.

 

OPPSEIING

Avtala kan seiast opp med 14 dagars varsel.

Har du opplysningar om den som tek over abonnementet, ver vennleg å skriv namn og evt. kontaktinformasjon på vedkommande i merknadsfeltet.

 

STENGING AV ANLEGG

Ved stenging av anlegg må Skjåk Energi Nett få tilgang til målaren for å ta den ned og stenge anlegget. Det er kunden som er ansvarleg for å ordne med nøkler, slik at everket får tilgang til anlegget.

Dato for oppseiing vert sett til den datoen målaren vert teke ned og anlegget stengt.

Ved manglande oppseiing av avtalen er nettkunden ansvarleg for nettleiga fram til nettselskap får stengt anlegget og teke ned målaren.

Pris for stenging av anlegg på førespurnad frå kunde: kr. 750,- i ordinær arbeidstid, og kr. 1500,- utanom arbeidstid.

 

Skjema for bestilling og/eller oppseiing av nettleige i PDF-format: