Nettleigeavtale og vilkår for tilknyting

KS Bedrift har utarbeida standardavtale for nettleige og vilkår for tilknyting.

TILKNYTING

Standard tilknytingsvilkår regulerer forholdet mellom nettselskapet og den juridiske eigaren av den elektriske installasjon, som er knytt til distribusjonsnettet. Tilknyting av ein elektrisk installasjon kan også gjelde  grunneigarar eller andre som disponerer rettigheiter over ein eigendom, når desse ikkje er identisk med installasjonseigar. Forholdet mellom nettselskapet og desse vert regulert også av standard tilknytingsvilkår, når dette går fram av den enkelte paragraf.

NETTLEIGE

Bruk av distribusjonsnettet til uttak av kraft vert regulert av standard nettleieavtale mellom nettselskapet og brukar (nettkunde). Ansvarsforholdet mellom nettselskapet og nettkundar er skildra i standard nettleigeavtale. Dei same prinsippa gjeld så langt dei passar også for forhold som vert regulert i standard tilknytingsvilkår. For å få ein fyldigare forståing av ansvarsforholdet, visar vi til standard nettleigeavtale.

 

Standardavtale for nettleige og vilkår for tilknyting for privatkundar

 

Standardavtale for nettleige og vilkår for tilknyting for næringskundar