Det lokale eltilsyn (DLE)

Strøm er ei farleg vare som kan føre til brann og personskadar. Det lokale eltilsyn (DLE) har som oppgave å redusere antall skadar og ulykker med elektrisk årsak ved å jobbe for at strømmen vert brukt på ein trygg og sikker måte hjå kundane som er kopla til fordelingsnettet.

Det lokale eltilsyn er ein del av det offentlege tilsynsapparatet for elsikkerhet og tilsyn. Verksemda utfører tilsyn på vegne av Direktoratet for Samfunnsikkerhet og Beredskap (DSB), men høyrer administrativt og økonomisk til under Skjåk Energi Nett.

Elsikkerhetsarbeidet som DLE er pålagt å utføre er føringar frå DSB, og har følgende målområde:

  • Kontroll av elektriske installasjonar og utstyr i private bustadar, kombinert med informasjon om sikker bruk av elektrisitet.
  • Informasjons- og opplysningsverksemd på skular, i lag og foreiningar.
  • Revisjon og verifikasjon av verksemdar.
  • Kontroll og oppfølging av arbeidet til elektroinstallatørane i forsyningsområdet til Skjåk Energi Nett.
  • Bistå eigendomsmeglar med opplsyningar om merknadar på boligar, fritidsbustader og andre tilsynsobjekt.
  • Bistå i brannetterforskning.
  • Oppfølging av ulykker med elektrisk årsak.

Er du bevisst på at det er du som eigar/brukar av eit el-anlegg som er ansvarleg for at anlegget er i forskriftsmessig stand? 

Er det noko du lurar på når det gjeld elsikkerheit, ta kontakt med oss i DLE på telefon: 612 13 810.

 

Elsikkerhetsportalen er utvikla for nettalliansen AS av Elsikkerhet Norge AS. Her finn du all informasjon om elsikkerheit.

DLE deltek årleg på Aksjon bustadbrann og Brannvernveka i samarbeid med brannvesenet. Det vert også arrangert tur for 7. og 10. klasse i Skjåk til Energisenteret på Hunderfossen kvart år. Energisenteret tilbyr undervisning innan energi, miljø og elsikkerheit.