Kompensasjon

Nettkundar som opplev strømbrot over 12 timar kan få utbetalt kompensasjon.

Eit langvarig avbrot er når strømmen er borte i meir enn tolv timar. Tida som reknast som langvarig strømbrot, er rekna fram til tidspunktet da kunden har fått gjenoppretta strømforsyninga. Har kunden blitt tilkopla aggregat reknast dette som at strømforsyninga er gjenoppretta. Fleire påfølgande avbrot er rekna som samanhengande om ikkje normal forsyning held stand i minimum to timer. Eit kortvarig avbrot på mindre enn tre minutt reknast ikkje som eit avbrot på dei to timane med normal forsyning.

For å ha rett til utbetaling må ein vere kunde av nettselskapet. Leigetakarar av kunden har ikkje rett på kompensasjon. Det vert utbetalt berre ein kompensasjon per kunde, uavhengig av om kunden har fleire anlegg/tilknytingsavtalar. Til dømes vil kundar som både har bustad og hytte berre få éin kompensasjon. Om kravet på dei to er ulike, er det den høgste kompensasjonen som skal gjelde. Dette gjeld og kommunar eller verksemder med mange abonnement. For fritidsbustadar kan ikkje ein samla årleg kompensasjon overstige forventa innbetalt nettleige for same år. Skadar på materiell, som frysarar, kjøleskap m.m. skal meldast til den enkelte sitt forsikringsselskap.

Det er den personen eller den juridiske eining som er kunde hjå Skjåk Energi Nett som må fremje kravet. Du kan bruke elektronisk skjema eller skjema i PDF-format for å søkje om kompensasjon. Ved innvilga krav vert kompensasjonen trekt frå på neste strømrekning.

For meir informasjon om ordninga, satsar og NVE sine vilkår for kompensasjonsordninga, sjå her.    

 

FØLGJANDE SATSAR GJELD: 

Kr. 600 for avbrot over 12 timar opp til og med 24 timar

Kr. 1400 for avbrot over 24 timar opp til og med 48 timar

Kr. 2700 for avbrot over 48 timar opp til og med 72 timar

For avbrot ut over 72 timar skal det gjevast eit pålegg på kr. 1300 for kvar ny påbegynte 24- timersperiode.

 

Send søknad om kompensasjon her!