Smarte målarar

Skjåk Energi har skifta ut alle målarane til "smarte strømmålarar", også kalla avansert målesystem (AMS). Du som kunde, treng ikkje lenger lese av målaren, strømforbruket vert registrert på timesbasis og innhenta automatisk av oss. Smarte målarar gjev kundane betre styring med forbruket sitt og du kan fylje med ved å logge inn på DIN SIDE.

STØRSTE MODERNISERINGA AV STRØMNETTET PÅ 100 ÅR

Norske myndigheiter har bestemt at alle strømkundar skal få montert nye, automatiske strømmålarar innan 1. januar 2019. Skjåk Energi Nett var tidleg ute, og er forlengst ferdig med å byte ut alle strømmålarar i Skjåk til nye smarte målarar. Allereie i 2004 vart fyrste Kampstrupmålaren med automatisk innsamling montert. Dei nye målarane inngår i ”Avanserte Måle- og Styringssystemer” (AMS), det gjer at brukarane får betre informasjon om strømforbruket sitt, meir nøyaktig avrekning, og legg til rette for nyttige tilleggstenester. 

Innføringa av smarte målarar opnar for ei rekkje fordelar for deg som strømkunde. Med automatisk strømmålar slepp du å lese av målaren sjølv fordi avlesingane vil skje automatisk, og direkte til nettselskapet. Dette gjev deg ein meir presis faktura, der du betalar for det strømmen kostar når du brukar den.

For samfunnet og nettselskapa vil forsyningstryggleiken bli betre, og smarte strømnett og endra forbruksmønster vil bidra til å senke maksbelastninga i nettet. Nettselskapet vil ha ein mykje betre oversikt over kvar belastninga i nettet er størst, og får dermed betre innsikt i behovet for oppgraderingar. Dette vil kunne bidra til å redusere kostnadane i nettet. Ein veit også frå fleire studiar at betre oversikt over strømbruken fører til meir effektiv energibruk, som vil vere positivt for klimaet vårt.

Du, som strømkunde hjå oss, har ein eineståande moglegheit til å kontrollere strømforbruket ved å logge inn på DIN SIDE og sjå forbruket ditt time for time. Der kan du også ta ut prøveavrekning, og sjå kva neste faktura kjem på eller oppdatere kundeopplysningane dine. 

 

Les meir om smarte strømmålarar: