Sjekk forbruket

Med eit tastetrykk kan du sjølv sjekke forbruket ditt til ein kvar tid. Ved å trykke på knappen midt på strømmålaren vil det kome opp informasjon i displayet.

Fyrst vil ein displaytest kome opp, der alle segmentane i displayet lyser, så kjem klokkeslett og totalforbruk.

Deretter kjem øyeblikkseffekten opp på displayet. Den viser kor mykje KiloWatt som er i bruk på det tidspunktet du trykker inn knappen. Da kan du sjølv sjekke kva som dreg strøm og kor mykje strøm du brukar til ein kvar tid.

Etter øyeblikkseffekten kjem timeteller, trippteller og målarnummer opp på displayet.

STRØMFORBRUK

Dersom du tykkjer at strømforbruket ditt er for høgt, kan du sjekke om varmekablar og/eller varmeomnar står på. Vi brukar mest strøm til oppvarming av bustad samt varmtvatn. Oppvarmingskjelder står på døgnet rundt, mens f.eks. komfyren vert brukt færre timar (sjølv om den har eit høgt forbruk når den er i bruk). Ellers går det strøm til belysning og elektriske artiklar. Komfyr, oppvaskmaskin, vaskemaskin og tørketrommel er av dei elektriske artiklane som dreg mykje strøm.

DIN SIDE

På din side kan du administrere ditt kundeforhold hjå oss, finne fakturaer og fylje med på strømforbruket. Dine verdiar vert henta inn og registrert hjå oss kvar natt, det vil si at du får sett dagens forbruk i morgon. Logg inn på DIN SIDE med kundenummer og målarnummer, dette finn du på strømrekningane.

HOVUDSTRØMSBRYTAR

Slå aldri av hovudstrømsbryter! Den må vere på, for at vi skal kunne hente inn målerverdiar. Skal du stenge hytta for vinteren, kan du heller slå av alle sikringane, men aldri hovudstrømsbrytaren.