Plusskunde

Ein plusskunde er ein sluttbrukar som produserar strøm til eige bruk, og som i enkelttimar har overskotskraft som matast inn i nettet. Skjåk Energi Nett har nå opna for denne moglegheita og vi har fått vår fyrste plusskunde.

I Noreg er dette eit relativt nytt fenomen, men stadig fleire nettselskap får nå førespurnad frå såkalla plusskundar. Typiske plusskundar vil vere folk som bur i bustader med solpanel på taket, eller andre bustader eller verksemder som generar kraft i eit avgrensa omfang. Gjeldande regelverk kan vere eit hinder for at denne overskotsproduksjonen vert mata inn i nettet. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har derfor utarbeidd eit eiga regelverk for plusskundane. Denne generelle dispensasjon frå NVE gjer det enklare å bli plusskunde. Plusskunde er ein sluttbrukar som har ein normal årsproduksjon mindre enn eiga forbruk, men med innmating til lokalt nett i delar av året. Produksjonseiningar der det vert krevd omsetningskonsesjon eller sluttbrukar med produksjon som også leverar strøm til andre sluttbrukarar, er ikkje omfatta av ordninga for plusskundar.

 På NVE sine nettsider kan du lese meir om ordninga og regelverket rundt det å vere plusskunde.

Plusskunden har blant anna ikkje krav om balansekraftavtale med Statnett. Når det gjeld tariffering, skal det bli betalt fastledd som i ordinær tariff for tilsvarande forbrukskundar og energiledd for kunden sitt uttak som i ordinær tariff for tilsvarande forbrukskundar. Plusskunden som produsent skal ikkje betale fastledd (0,8 øre/kWh), men dei skal betale energiledd for innmating til nettet (marginaltap i tilknytingspunktet eller gjennomsnittlege marginaltap for nettområdet).

Dersom du ønskjer å bli plusskunde hjå oss, må du ta kontakt eller koma innom administrasjonsbygget i Bismo.