Ladestasjon - elbil

Siste lademoglegheit før fjellet!

Skjåk Energi Nett fekk i oppdrag av Skjåk kommune å etablere ein ladestasjon i Bismo. Ladestasjonen vart bygd i eit samarbeid mellom Skjåk kommune, Skjåk Energi Nett og Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen. Det vart inngått ei avtale med firmaet Grønn Kontakt som samarbeidsparter, og dei står for sjølve drifta av ladestasjon. I desember 2014 stod ladestasjonen klar til bruk.

Skjåk var tidleg ute med ladestasjon og ligg strategisk sett fint til som siste lademoglegheit før fjellet på Rv 15 mellom Skjåk og Stryn. Vi håper at dette kan vere ein bidragsytar for ei styrka sentrumsutvikling i Bismo. Det vil i framtida vere eit stort behov for alternative energikjelder til framkomstmiddel som reduserer klimautslepp. I Skjåk har vi nå gjort det mogleg å kjøre klimavennleg med elektrisk kraft over fjellet mellom aust og vest. 

 

Grønn Kontakt er ein nasjonal operatør og utbyggjar av ladenettverk for alle ladbare bilar.