Elhub

KRAV OM INNHENTING AV FØDSELSNUMMER

NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) har pålagt alle nettselskap og kraftleverandørar å hente inn fødselsnummer for alle nett- og kraftkundar. Fødselsnummeret vert brukt  for å eintydig identifisere kunden og ivareta personvernet i Elhub, den nye nasjonale løysinga for informasjonsutveksling i strømmarknaden. Fødselsnummeret vil bli henta inn automatisk frå Folkeregisteret. Samstundes vil vi oppdatere vårt kunderegister med fullt namn og adresse i samsvar med Folkeregisteret.

For næringsdrivande vert organisasjonsnummer kjørt mot Brønnøysundregistrene og vi vil oppdatere vårt kunderegister med namn og adresse i samsvar med det som er registrert på firmaet i Brønnøysund.

ELHUB OG SMARTE MÅLARAR

Elhub skal bidra til auka konkurranse og innovasjon i strømmarknaden, og syrgja for sikker og effektiv handtering av måleverdiar frå dei nye smarte strømmålarane (AMS). Smarte strømmålarar gjev forbrukarane betre informasjon om sitt eiga strømforbruk, og ei meir nøyaktig avrekning slik at kunden blir fakturert for sitt faktiske forbruk. Strømkundane vil få betre oversikt over strømforbruket sitt og moglegheit til å bruke strøm på ein meir fleksibel, effektiv og miljøbesparande måte. Ved å logge inn på DIN SIDE får ein oversikt over dette.

KVA ER ELHUB?

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har pålagt Statnett å utvikle Elhub, som etter planen skal settas i drift 20. februar 2017. Løysinga skal syrgja for effektiv utveksling av måleverdiar og kundeinformasjon som nyttast til leverandørskifter, avrekning og ved fakturering av nettleige og strømsal.

For å sikre at flest mogleg har fødselsnummeret registrert i Elhub når informasjonsløysinga vert teke i bruk, har NVE pålagt nettselskap og strømleverandørar å innhente fødselsnummer frå 1. september 2015. Når Elhub blir sett i drift, skal alle strømavtalar innehalde fødselsnummer for at kunden skal identifiseras eintydig. For å avdekke korrekt identitet for strømkunden, må kunden kontaktast i dei tilfella der eksisterande kundeinformasjon hjå nettselskap og strømleverandør er motstridande.

KUNDEN BESTEMMER TILGANG TIL DATA

Personopplysningar inkludert fødselsnummer og måleverdiar som vert lagra i Elhub skal ikkje deles med andre enn dei kunden sjølv inngår avtale med. Alle strømleverandørar skal tilby webløysingar som gjev strømkundane oversikt over kven som har tilgang til deira opplysningar. Kundane styrer sjølv kva for aktørar som til einkvar tid har tilgang.

NYTT REGELVERK MED ELHUB

NVE har vedteke forskriftsendringar for å tilretteleggje for innføring av Elhub, blant anna om korleis nettselskap og strømleverandørar skal bidra til førebuinga for den nye løysinga. Dei viktigaste endringane for strømkundane i forarbeidet til Elhub er fylgjande:

  • For å kunne syrgje for god datakvalitet, sikkerheit og personvern i Elhub må alle kundar bli registrert med unik identifikasjon, det vil seie at alle personer som er strømkundar må identifiseras med fødselsnummer (eventuelt d-nummer). Unik identifikasjon vil bidra til betre informasjon til kundane på en effektiv måte og samstundes forhindre at uvedkommande får tilgang til opplysningar i Elhub.
  • Alle kundar skal få oversikt over kva for personopplysningar som vert lagra i Elhub og moglegheit til å styre kven som skal få tilgang til opplysningane i ein eigen webløysning. Webløysninga skal vere tilgjengeleg på internettsidane til alle aktørar som er knytt til Elhub. I hovudsak skal det bli lagra opplysningar om kundens namn, fødselsnummer, adresse, kontaktopplysningar og historisk strømforbruk for dei siste tre åra. Det vert ikkje lagra andre typar personopplysningar i Elhub.
  • Strømleverandørar og nettselskap kan hente inn fødselsnummer og d-nummer frå Det sentrale folkeregister, men enkelte gonger må dei kontakte kunden direkte for å få korrekte opplysningar.
  • Dersom det ikkje er registrert fødselsnummer, d-nummer eller organisasjonsnummer for kunden, er strømleveringsavtala ugyldig og i strid med regelverket som gjeld frå 20. februar 2017. Dette vil i yttarste konsekvens føre til at anlegget vert stengd, dersom det ikkje er mogleg for aktørane å identifisere kven som er kunde i målepunktet.
  • For kvart enkelt målepunkt skal det vere same person som står registrert med avtale til nettselskap og strømleverandør. Når ein inngår ei strømleveringsavtale syrgjer strømleverandør for at same person knytas til nettleieavtalen, dersom det er registrert på ulike personar kan ein kontakte strømleverandør for å registrere korrekt informasjon.

 For meir informasjon gå inn på Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) eller elhub.no