Saman skapar vi verdiar for bygda vår

Saman med samarbeidspartnar Eidsiva Bredbånd starta Skjåk Energi utbygging av breiband via fiber allereie i 2008. Skjåk vart dermed fyrste kommuna i Oppland som starta opp med utbygging av breiband til alle heimar. Målet for Skjåk Energi er at 80 prosent av fastbuande skal kunne velje å kople seg til breiband innan 2018.

Industriområdet i Bismo sentrum var det fyrste området som vart bygd ut med breiband via fiber i Skjåk. Dette vart gjort i 2003. Industri hadde høg prioritet tidleg i utbyggingsfasa. I 2008 vart store delar av det gamle bustadfeltet i Bismo gravd opp for å leggje rør for trekking og blåsing av fiber. Hausten 2008 vart denne delen av Bismo koplet opp mot fiber og "Fiber til Heimen" -prosjektet var ein realitet. Seinare har Skjåk Energi lagt til rette for utbygging i bustadområdet mellom Skei og Berger, og med det austsida av Bismo.

Tidleg i perioda la vi til rette for at også området sør for Bismo skal kunne byggjast ut. Stamfiber vart strekt på eksisterande høgspentliner og arbeid lagt ned for moglegheit til å trekke fiberkabel i bustadfelt på veg mot Lom grense. I dag er Lom kommune forsynt frå denne fiberkabelen.

I 2011 strekte Skjåk Energi fiber på høgspentline frå Bruvoll til Sota seter på Liavatnet. Dette var klargjering av deler nord i bygda. Vi er avhengige av samarbeidspartner Eidsiva Bredbånd for å byggje ut FTH (Fiber til Heimen) og dette var ikkje mogleg å få til på dette tidspunktet for denne delen av bygda.

Våren 2014 starta vi med graving av grøfter i Aurmo. I desember 2014 er Aurmo med omegn (Kvålheimsgrend og områda ved Ofossen) oppe å går med "Fiber til Heimen".

Tidleg vår 2015 starta vi arbeidet med å henge opp fiberkabel på høgspentline frå Aurmo og gjennom heile Lundagrend. Fibertube (rør) til å blåse fiber i, vart strekt opp fram til kundane som hadde bestilt fiber, og det vart lagt til rette for resterende husstandar. Nesten alle kundane som bestilte breiband er nå kopla til og resterande husstandar har moglegheit til å kople seg til om dei ønskjer det.

Skjåk Energi  er klare til å starte med å bygge ut fiber frå Skjåk I til Dønfoss. Vi venter nå på at kommunen og regionkontoret skal lyse ut prosjektet som Staten via Ncom har tildelt midlar for breibandsutbygging i Nord-Gudbrandsdalen. Midlane vart tildelt kommunane tidleg vinter 2015 og er av betyding for at bebuarane frå Skjåk I til Dønfoss skal få tilgang til breiband.

I Skjåk er det pr. dags dato oppkopla 290 husstandar, 695 husstandar har moglegheit til å kople seg opp til breiband. Vi bruker tala til Skjåk kommune ved totaldistribusjon ved berekning av moglege adresser, dette gjev ei dekning på 61 prosent. Dersom Skjåk Energi vert tildelt utbygging av Nordberg, vil dette gje ei dekning på 77 prosent. Ved enkle grep kan dette FTH prosjektet utvidas med 100 husstandar frå Dønfoss til Brenna i Bråtå, og dermed gje ein langt høgare prosent.

Har du ei open grøft til vatningsanlegg eller strømforsyning, kom gjerne innom å høyr om du bør leggje rør (tube) for blåsing av fiber ved ei seinare anledning. Rør får du gratis hjå oss.

Ønskjer du fiber med dei fordelar som dette har, tek du kontakt med Eidsiva bredbånd AS på telefon 03370, eller på http://www.eidsiva.net/.
Dei har ein eigen registreringsportal som heiter http://www.jegvilhafiber.no/ der du kan melde din interesse for fiber.